Lokal | 29. okt. 2011

– Ròten ungdom!

Stor marmorskulptur knust: John Lepsøy er tydeleg på kva han ville gjort om han kom over syndarane.

– Ròten ungdom!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 29. okt. 2011 17:52

Natt til laurdag har vandalar herja i Os sentrum. Planter er tatt opp med rot, bosspann er velta og butikkvindauge knust.

Også i Hamnevegen har pøblane herja. Der er ein stor marmorskulptur velta og knust. Skulpturen har truleg ein verdi på fleire hundre tusen kroner.

– Dette er eit utruleg trist syn, seier John Lepsøy.

God som agn

Lepsøy bur i Hamnevegen og oppdaga hærverket på veg til Oselvarnaustet laurdag formiddag. Der har hobbyfiskaren ein liten base, og den spreke pensjonisten er tydeleg på kva han ville gjort om han kom over pøblane.

– Hummaren elskar ròte agn, så dei som har utført dette ville ha eigna seg heilt ypparleg som teinemat! seier han.

To skulpturar på eit halvt år

Skulpturen er laga under eit av skulptursymposia i Os. Midtsiden har prøvd å varsla kunstnar og symposiearrangør Arne Mæland om hærverket.

I april i år blei ein annan marmorskulptur av same kaliber knust på Kyrkjeflaten. Den tok Mæland inn og reparerte før den blei plassert utanfor foajeen på Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.