Politi | 01. juni 2021

Røykte hasj ved Os ungdomsskule

Tre unge gutar og ei jente på 14 år tekne av politiet måndag kveld.

Røykte hasj ved Os ungdomsskule
Politiet kom måndag kveld over fire unge personar som alle hadde røykt hasj. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 01. juni 2021 06:59 - Sist oppdatert 01. juni 2021

Rundt klokka 20.30 måndag kveld kontrollerte politiet fire personar ved Os ungdomsskule.

– Alle dei fire hadde røykt hasj, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand.

Dei fire personane var ein gut fødd i 2000, to gutar fødd 2003, og ei jente, fødd i 2006.

– Det blei oppretta sak på kvar av dei unge. Gutane blei dimittert på staden etter at foreldra til gutane på 17 blei varsla. Jenta på 14 år blei køyrt heim, avsluttar Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.