Lokal | 07. mai 2017

Røykte marihuana på ferjekaien

Politiet fekk to oppdrag på Halhjem i helga - og tok folk som urinerte i sentrum natt til både laurdag og søndag.

Røykte marihuana på ferjekaien
Politiet rykte ut til Halhjem for promille fredag og narkotika laurdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. mai 2017 09:06

Rett etter biljakta frå Os til Samnanger tidleg fredag kveld rykte politiet ut til Halhjem.

– Vi fekk i 18.30-tida melding om vinglete køyring. Etter litt om og menn fekk patruljen funne bil og førar, fortel Eivind Hellesund, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Mannen, som er i 60-åra, er mistenkt for promillekøyring og det blei tatt beslag i førarkortet hans.

Unge menn i annan rus

Klokka 00.39 blei det ny tur til Halhjem.

– På ferjekaien blei to gutar tatt, mistenkt for besittelse og bruk av marihuana.

Foreldra blei kontakta og det er oppretta sak.

Fjerna frå nabolag

Laurdag i 18-tida kom det melding om ein mann som var rusa og plagsam i eit nabolag i Askvik.

Politiet rykte ut og tok vedkomande med til arresten i Bergen.

To tatt for urinering

I 03.30-tida natt til laurdag blei ein mann tatt for urinering på offentleg stad nær Esso.

Klokka 03.10 blei ein annan mann tatt i same ærend i same terreng.

– Vi var òg ein tur til Røykenes for å sjekka status. Der var det eit arrangement med oppunder 300 gjestar på Er-An Veikro, og alt såg ut til å gå fint.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.