Røyst vekk brua, osingar
Lesarinnlegg: Innimellom kan stortingsvalet opplevast som noko som angår Oslo og der omkring. Årets val er annleis for oss som bur i Os.

Dei politikarane vi no røystar inn på Stortinget skal bestemma korleis bygda vår vert sjåande ut i framtida.
Ferjefri E39 er eit av dei viktigaste samferdsleprosjekta dei komande åra, og Os ligg midt i leia, så å seia. Sentrale politikarar både nasjonalt og lokalt vil ha bru over Bjørnafjorden og motorveg vidare gjennom bygda. Med ei slik trafikkmaskin vil heimbygda vår slik vi kjenner ho i dag, vera historie. Dei som treng hjelp til å førestilla seg Os anno framtida, kan lukka augo og sjå for seg Åsane.
Di stemme ved dette valet er eit viktig signal til politikarane. Ikkje minst til partia her i Os. Til dags dato er det ingen av politikarane som ønskjer bru over Bjørnafjorden og tilhøyrande motorveg, som har klart å svara på kva godt dette vil føra med seg for bygda og dei som bur her. I lokalavisa har det vore to innlegg for bru og det midtre alternativet og tallause mot. Frå Høgre og Frp, dei fremste forkjemparane for dette prosjektet, har det vore taust. Av den enkle grunn at Os berre får ulempene med denne vegløysinga. Det er som å få rekninga for ein heidundrande fest vi ikkje er inviterte til.
Stem klokt på måndag; Høgre og FrP legg vegen open for ei monsterbru over Bjørnafjorden og tilhøyrande motorveg. Senterpartiet vil leggja vegtraseen mellom Stord og Os om Fusa (indre trasé), og er mot bru over Bjørnafjorden, AP, Venstre og KrF er delt eller har ennå ikkje teke eit klårt standpunkt til vegtraseen nasjonalt. Desse partia har både kandidatar som er tilhengjarar og motstandarar av bru over Bjørnafjorden på listene sine. SV og Miljøpartiet dei Grønne er mot bru og vil halda fram med ferjedrift.
Vi oppmodar alle osingar til å røysta på kandidatar som vil verna bumiljøet og skjergarden i bygda vår, opna for nytt areal til bustad og næring for Bergensregionen og fremja ei meir balansert utvikling av heile Hordaland.
Godt val!
Knut Børgesen
Leiar
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden