Lokal | 23. feb. 2014

Rufsete start på vinterferien

Skal det letta utover veka? Her er vêrmelding for Os, Eikedalen, Voss og Myrkdalen.

Rufsete start på vinterferien
Os hamn i dag. Det skal sjå ganske likt ut i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 23. feb. 2014 19:33

Det har regna tett i Os søndag og utover ettermiddagen og kvelden har vinden tatt seg opp i kuling i styrke.

Også måndag er det venta kuling i Os, men noko mindre nedbør.

Overvatn i Eikedalen

Med 7-8 plussgradar i Os kjem nedbøren også som regn i dei nærmaste alpinanlegga.

"Nederst i anlegget har det samlet seg en god del overvann, spesielt i bunnen av Bergensløypen. Regnværet skal fortsette og mest sannsynlig blir det ingen drift her i morgen" skriv Eikedalen Skisenter på si facebook-side søndag ettermiddag.

Eikedalen, som har halde ope i dag, vil koma med nærmare informasjon måndag morgon.

Både Voss Resort og Myrkdalen skriv at det kom 20 cm nysnø frå laurdag til søndag, og har ikkje varsla om vanskelege forhold.

Mindre vind og nedbør

Her er vêrmeldinga frå Storm vs Yr dei neste dagane. Trykk på stadnamn for detaljar.

OSØYRO: Sterk kuling opp til liten storm måndag, regn på morgonen og ettermiddagen. Laber bris, lettskya og lite nedbør tysdag og onsdag. 7-8 varmegradar.

EIKEDALEN: Regn formiddag og ettermiddag, frisk bris opp til liten kuling måndag. Laber til frisk bris og lite eller ingen nedbør tysdag. 5-6 varmegradar.

VOSS RESORT: Regn formiddag og ettermiddag måndag, vindstyrke frå flau vind til liten kuling. Lettskya og svak vind tysdag. 7-8 varmegradar.

MYRKDALEN: Regn formiddag og ettermiddag måndag, lett bris opp i liten kuling måndag. Lettskya og svak vind tysdag. 3-6 varmegradar.

På langtidsvarselet ser det ut til å vera generelt lettare vêr tysdag til torsdag, meir nedbør fredag, sol og kaldare laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.