Sport | 21. sep. 2015

Rulla rundt - men fullførte

Førre helg sikra ho pallplass samanlagt i NM, denne helga stakk Karoline Breivik av med samanlagsigeren i vestlandsmeisterskapen.

Rulla rundt - men fullførte
Etter 3. plass samanlagt i NM sikra Karoline i helga samanlagsiger i vestlandsmeisterskapen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. sep. 2015 09:02

I fjor landa Karoline på 2. plass samanlagt i NM. Også i år låg ho an til samanlagsølv, men banen på Momarken var uvant og vanskeleg for rallycross-jenta frå Os.

– Toyotaen var heldigvis klar igjen, men det tok tid å venna seg til banen. Då eg fekk ei rulling landa eg heldigvis på hjula igjen, så eg fekk fullført, seier Karoline.

Det er andre gong Karoline har rulla over taket og landa på hjula. Sist gong blei ho så forfjamsa at løpet var ferdig. Denne gong gav ho beskjed til morfar over radio; «eg køyrer vidare». Sjølv om ho kom sist i mål kan poenga ho fekk for å ha fullført vore med på å redda bronsemedaljen.

– Eg har 3. plass, 1. plass og 6. plass i dei tre andre NM-løpa. Eg er ikkje nøgd med 7. plass i siste løp, hadde det blitt 6. plass så hadde eg fått sjanse til å køyra meg opp i finalen. Men eg er nøgd med at eg kom på pallen i år òg.

– Det har vore fleire deltakarar og tøffare konkurranse i år. I fjor var det gjerne 6 til 10 bilar per løp, i år har vi lagt på 13.

Vann vestlandsmeisterskapen

I helga køyrde Karoline sisteav seks rundar i vestlandsmeisterskapen. Der kan du stryka eitt av løpa på våren og eitt på hausten. Karoline køyrde 2 av 3 i vår, der ho landa på 2. og 3. plass.

Karoline køyrer med 1,6-liters motor og har inntil 150 hk mindre under panseret enn konkurrentane i 2-litersklassen.

I haust har det blitt 1. og 2. plass før siste runde, som gjekk i Vikedal.

– Det blei 3. plass i helga, men det heldt til 1. plass samanlagt, seier Karoline Breivik.

Broren Kristian fekk 5. spor i B-finalen og køyrde seg opp til 2. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.