Arbeidet med å rulla ut nytt dekke starta i dag. (Foto: Ørjan Håland)
Arbeidet med å rulla ut nytt dekke starta i dag. (Foto: Ørjan Håland)

Rullar ut nytt dekke på Kuventræ

Dugnadsgjeng hjelper til med å få kunstgraset på plass.

Ørjan Håland
05. mai 2020 - 13:22
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Etter 12 år med same underlag var det på tide med utskiftning av kunstgraset på Kuventræ. Karsten Røttingen og resten av dugnadsgjengen er klare for ei veke med ekstra innsats.

– No er alt av utstyr og ekspertise komen til Kuventræ, og vi er godt i gang med arbeidet. Det er to arbeidarar frå New Zealand og Sverige som har kontrollen på sjølve legginga, i tillegg stiller klubben med ein dugnadsgjeng på 4-6 personar som er klare for innsats, seier Karsten Røttingen.

Kunstgras-leggjarane frå Sport Surface står for det faglege, men treng ekstra hender til delar av jobben.

– Vi bidrar med truck som kan hjelpa til med å få rullene med kunstgras ut på banen. Vi reinskar sidelinjane med blåsemaskin, og vi er også med å strekkjer ut kunstgraset.

Den nye bana på Kuventræ tek form. (Foto: ØH)
Den nye bana på Kuventræ tek form. (Foto: ØH)

Sneglefart og hårfønar

Ein av A-lagsspelarane som er med og bidrar er midtbanestrategen Rune Mo. Etter å ha imponert med å rulla ut graset, starta han på oppgåva med å blåsa vekk rusk frå sidelinjene. Det var mindre imponerande.

– Eg må snu meg vekk, dette klarar eg ikkje å sjå på. Det er jo som å sjå ei snegle som går rundt med ein hårfønar, han får halda seg til å dra ut kunstgraset, der var han god, humrar Røttingen.

– Neida, fra spøk til alvor, det er fantastisk at klubben samlar ein gjeng som jobbar saman, då vert det mykje enklare og kjekkare å gjera jobben.

Rune Mo visar her at han ikkje berre kan spela fotball. (Foto: ØH)
Rune Mo visar her at han ikkje berre kan spela fotball. (Foto: ØH)

Verdas beste kunstgrasleggjar

Etter planen skal banen vera ferdig til søndag, det betyr seks dagar fullstappa med arbeid. Og ifølge sjefen i Sport Surface er det ikkje kven som helst som er på Kuventræ og jobbar om dagen.

– I all beskjedenhet fekk vi melding frå sjefen i Sport Surface at leggjaren som er komen til Kuventræ er verdas beste i faget sitt. Det lovar bra for Kuventræ.

– No skal vi få alle rullane ut på banen, deretter vert det oppmåling, kutting og liming. Dette er arbeid som skal bli ferdig innan fredag. På laurdag kjem faktisk sjefen sjølv frå Sport Surface og skal gjera jobben med å få ut 100 tonn med sand og 50 tonn med granulat, avsluttar Røttingen.

Endeleg vert det nytt kunstgras på Kuventræ. (Foto: ØH)
Endeleg vert det nytt kunstgras på Kuventræ. (Foto: ØH)