Rumpa bar ved Bar2Be
• Mann flekte ræv til politiet• Mann tatt for fyllekjøring i sentrum
![Rumpa bar ved Bar2Be](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/eac4e9db6cdeb42eed011920ceed1400bf3a4534-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Natt til søndag, i 02.50-tida, fekk politiet melding om aggressiv gjest på ein av nattklubbane i Os.
– Vel framme opplevde patruljen at vedkomande, ein mann i 30-åra, tok springfart og hoppa inn i baksetet på politibilen, fortel operasjonsleiar Ole Geir Magnussen.
Politiet fekk ein prat med han og gav han pålegg om å fjerna seg frå staden.
– Då responderte han med å snu seg rundt, ta av seg buksa og vise rumpa til politiet framfor alle gjestane.
Ifølgje ein vakt ved Bar2Be var vedkomande ikkje gjest der, men sjølve episoden fann stad i same nabolag i Telhuskvartalet.
Det er oppretta sak på forholdet.
Tatt med promille
Klokka 01.55 møtte politiet ein bilist i Brugata.
Bilføraren, ein mann i 30-åra, er mistenkt for promillekjøring.