Runda av med siger
Os tok ein suveren siger over Austevoll i serieavslutninga på Kuventræ i dag. Kampen om toppskårartittelen blei jamn, men kameratsleg.
– Det gjorde vondt å tre ballen gjennom til erkerivalen, spøkar Ramo Racic, som skåra to mål og hadde målgjevande pasning til sesongens toppskårar, Erik Kanestrøm, i dag.
Os - Austevoll 5-1 (2-0)
Målskårarar, Os: 1-0 Mads Lepsøe, 2-0 Simen Lassen, 3-0 Ramo Racic, 4-0 Erik Kanestrøm og 5-1 Ramo Racic.
Med det blei Erik Kanestrøm sesongens toppskårar i serien med 14 mål. Ramo kjem på plassen bak med 13 mål, kaptein Stian Lunde, som stort sett har spelt midtstoppar, kjem på tredjeplass med 11 mål.
Ramo spelte berre 2. omgang i dag, Erik kom innpå eit stykke ut i 2. omgang.
– Dette blei ein fin avslutning på sesongen, synes trenar Tim Henrik Sperrevik.
Os: Anders Kloven - Espen Kopperud, Per Søgnen Merai (Fredrik Heggland), Torkel Hjertnes, Tor Erik Berge - Stian Lunde, Simen Lassen - Preben Borgen, Steffen Ludvigsen, Mads Lepsøe (Erik Kanestrøm) - Sander Kvittingen (Ramo Racic).
Os har avgjerande bortekamp med Os 2 mot Søre Neset søndag (kl 16).
Fint spel på tung bane
Austevoll var gode og det blei ein spennande og finspelt kamp trass i at graset var tungt og vått. Gjestane opna med stolpeskot i eit av dei første speleminutta.
Elles hadde Anders Kloven fleire fine redningar g nokre viktige turar ut for å rydda opp om ein forsvarsspelar hadde ramla eller om ballen hadde stoppa i ein dam.
Om det låg litt i lufta at Austevoll skulle redusera hadde Os også store sjansar som ikkje hamna i mål.
Landa på 4. plass
Os enda på 4. plass på tabellen med 42 poeng etter 12 sigrar, 6 uavgjorte og 8 tap.
Arna-Bjørnar vann og rykker opp til 2. divisjon, Haugesund 2 kom på 2. plass og Stord på 3.
Åkra slo Valdsnes og tok 5. plassen, Varegg tapte og kom på 6. plass. Avaldsnes og Skjold fekk 19 og 17 poeng og hamna nedst på tabellen.
Fleire resultat frå 26. og siste runde:
Stord - Kopervik 2-1
Haugesund 2 - Sandnes Ulf 2 8-4
Varegg - Tertnes 0-3
Skjold - Bjarg 2-5
Avaldsnes - Åkra 1-5
Stavanger - Arna-Bjørnar 1-4