Rus og grisekøyring
Politiet: Rusa mann måtte takast hand om. Bilist grisekøyrde i sentrum.
I 22-tida fredag kveld fekk politiet melding om grisekøyring i Os sentrum.
– Meldar hadde observert ein BMW som dreiv det vi kan kalla uaktsom køyring.
– Vi traff ikkje bilisten, men kjenner eigaren, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
Måtte hjelpa mann
Som eit ledd i forebyggande arbeid var patrulja i natt ute og gjekk blant feststemte gjester på Osøyro.
– Det var relativt stille og roleg, men vi fekk prata med folk og følt litt på stemninga.
– Litt seinare på natta, i 0330-tida måtte vi rett nok ta oss av ein kar som var så berusa at han ikkje klarte ta hand om seg sjølv.
– Vi sørga for å få han fjerne frå Os sentrum, avsluttar vakthavande.
Mellom fotpatruljen og vekktransporten hadde patrulja ein promillekontroll ved Hagavik Hjemmebakeri kor 11 bilførarar blei kontrollert og funnen edru.