Lokal | 09. mars 2014

Rus og tjuveri på Amfi

Mann tatt etter fleire tjuveri av MP3-spelarar. Rusa kvinne tatt med narkotika.

Rus og tjuveri på Amfi
Politiet hadde to sakar på Amfisenteret fredag (arkivfoto: KVB)
Andris Hamresundag 09. mars 2014 09:54

Ein mann blei fredag tatt etter eit tjuveri av MP3-spelar frå Elkjøp på Amfi Os.

– Mannen har erkjent fleire tjuveri av spelarar frå butikken over ei periode. Det siste tilfellet på fredag.

– Patrulja lykkast ikkje med å finne spelarane. Dei har han seld vidare, fortel politibetjent Kenneth Rastad.

Saka vil bli følgd opp vidare.

Rusa kvinne med narkotika

Etter stengjetid fredag stansa politiet ei rusa kvinne i 30-åra på senteret.

– Ho blei ransaka og det blei funnen narkotika på ho.

– Kvinna blei tatt med inn på stasjonen og fekk eit forelegg på 10 000 kroner for bruk og besittelse av narkotika, samt eit trafikkforhold frå tidlegare, seier Rastad.

Fleire avskiltingar

Både natt til laurdag og sundag samt sundag formiddag har politiet kontrollert fleire bilar.

– Det har vore nokre muntlege pålegg, men ikkje dei heilt store tinga.

– Endel bilar har blitt avskilta då det har vore krav om dette på dei, fortel Rastad som så langt har kontrollert 25 bilistar sundag formiddag.

– Vi er ute på ein promillekontroll no, men alt har vore greitt. Vi har skrive ut eitt gebyr for manglande beltebruk.

Fann kajakk

På Tøsdal blei ein kajakk funnet drivande laurdag.

– Den er tatt hand om. Truleg er det høg vannstand som har dratt den ut på vatnet.

– Eigaren kan kontakta politiet med ein beskrivelse av kajakken så skal vi sjå om ikkje eigar og kajakk kan gjenforenast.

Roleg natt

Elles rapporterar politiet om mykje folk på byen natt til sundag, men fin oppførsel.

– Det einaste som er ført i loggen er eit tilfelle av urinering på offentleg stad.

– Ein mann i 20-åra blei i lagt ei forelegg i 3-tida i natt, avsluttar Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.