Lokal | 05. jan. 2021
Rusa bilførar utan lappen stoppa av politiet
Det blei òg funne narkotika på mannen.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 05. jan. 2021 08:48
Politiet stoppa i 02-tida natt til tysdag ein bilførar nær Os sentrum.
– Vedkomande, ein mann i 20-åra, er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Bilførar har heller ikkje førarkort.
– Det blei funne mindre mengder narkotika på mannen. Han erkjente forholda.