Rusa førar og bråk på buss
Ein mann i 20-åra blei tatt, mistenkt for kjøring i rus. To andre skapte seg vanskeleg på kvar sin buss.
Laurdag i 19-tida kontrollerte politiet ein bilførar som dei mistenkte for kjøring i påverka tilstand.
– Bilføraren, ein mann i 20-åra, innrømte å ha fått i seg nokre rusmidlar før han sette seg i bilen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Vedkomande blei tatt med til legevakt for prøvetaking og blir meldt for forholdet.
Bråk på bussen
I 2-tida natt til søndag fekk politiet melding om ein vanskeleg passasjer på ein buss som sto på Os terminal. Politiet fekk passasjeren, ein mann i 30-åra, over frå buss til taxi.
I 4-tida ringte det frå Skyss igjen. Då var det ein passasjer i 20-åra som var aggressiv.
– Då han kom ut av bussen hadde han sparka inn ei rute i det eine busskuret på terminalen i sentrum. Han blir meldt for bråk på offentleg stad, seier Hadler-Olsen.
Natteravnene tok hand om jente
Natt til søndag skal det ha vore ein gjeng litt unge festdeltakarar i Os.
– Natteravnene fortalte om observasjonar og tok blant anna hand om ei full jente til vennane hennar kom og fekk ho med seg. Jenta var gamal nok til å gå på fest, men litt for full til å ta hand om seg sjølv, seier Audun og gjev ros til natteravnene i Os.
Vaktane på ein av utestadane ringte politiet for å få hjelp med ein vanskeleg gjest. Vedkomande fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum og retta seg etter dette.
Frå drosjane blei det meldt om observasjon av ein full og forvirra mann i Irgens-krysset på Hagavik. Patruljen rukte ut, men fann han ikkje.
Er OBS på GHB
Førre veke var det fleire tilfelle av GHB-beslag og overdose av GHB i Os. Det blei meldt om bråk frå fest og éin person på under 18 år blei tatt for bilkjøring i rusa tilstand.
– Dette var konsentrert på éi adresse og ein liten involvert venegjeng.
– Sjølv om vi ikkje har signal på at det er noko voldsom oppblomstring av GHB-bruk, så følgjer vi litt ekstra med akkurat no. Og det kan gjerne foreldre og venar også gjera, seier Hadler-Olsen.