Lokal | 07. jan. 2014

Rusa kvinne rygga inn i salong

I stolen bil rygga ei rusa kvinne inn i Os Hud og Hår. Så forsynte ho seg med varer.

Rusa kvinne rygga inn i salong
Både inngangsdøra og to vindauge i salongen blei knust av bilen. Innehavar, som bur i etasjen over, vakna ikkje av smellen. (Foto: KVB)
Kari M. Lyssandtysdag 07. jan. 2014 08:04

I 3-tida natt til tysdag fekk politiet melding om trafikkuhell i Os sentrum.

Ei kvinne hadde rygga inn i hudpleie- og frisørsalongen Os Hud og Hår i Landboden.

Stolen bil - rusa sjåfør

Då politiet kom fram møtte dei ei kvinne som framsto som påverka.

– Kvinna, som er i midten av 40-åra, kjørte ein bil som blei meldt stolen frå Damsgård-området i Bergen søndag 5. januar, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Stal frå salongen

I tillegg til å vera mistenkt for å kjøra stolen bil i rusa tilstand er kvinna mistenkt for tjuveri.

– Kvinna, som ikkje er heimehøyrande i Os, hadde gått inn i salongen og tatt med seg sakser og anna utstyr.

– Det vil bli oppretta sak og vi kjem til å gjera vidare undersøkingar i saka.

Melding om skyting

Mandag i ti- tida fekk politiet melding om skyting i Kuvågenområdet.

– Politiet var på staden, men fann ikkje noko, seier Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.