Lokal | 22. nov. 2012

Rusa mann i arresten

Han gjekk og skreik i gatene. Men så kom politiet.

Rusa mann i arresten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. nov. 2012 09:17

Onsdag i 18-tida fekk politiet melding om ein mann som gjekk og hoia og skreik i gatene i eit bustadområde i Kuvågen.

– Vi rykte ut og møtte ein rusa mann i 20-åra, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen blei tatt med til legevakt for sjekk. Så gjekk turen vidare til arresten i Bergen.

Henta ungdomar

Tysdag kveld i 21-tida fekk politiet melding om uønska gjestar på ei adresse i Os.

– To gutar på oppunder 18 år, som høyrer heime på ein institusjon i Bergen, blei henta og kjørt til by'n, fortel Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.