Lokal | 29. apr. 2014

Rusa mann med kniv tatt i sentrum

Ein mann i midten av 20-åra er meldt for å gå med kniv i Os sentrum. Politiet åtvarar mot båttjuvar og utanlandske steinleggarar.

Rusa mann med kniv tatt i sentrum
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 29. apr. 2014 07:34

Måndag i 23.45-tida blei ein mann i midten av tjueåra kontrollert av politiet.

– Han var rusa og hadde kniv på seg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Vedkomande blei kjørt heim og er meldt for forholdet.

– Sjekk båten

I går var politiet på patrulje i ulike båthamner i Os.

– Dette er ei tid der mange nyleg har fått båten på sjø, men der det ikkje er så stor aktivitet i hamnene.

– Dette veit dessverre dei som har uærleg ærend, og vekene som kjem er ofte høgsesong for tjuveri av båt, påhengs, utstyr og bensin.

– Lås av det du kan og ver merksam når du er i hamna. Ikkje nøl med å ringa oss om du ser aktivitet som du oppfattar som mistenkeleg.

Ber om tips om steinleggarar

Andre som har tendens til å dukka opp på forsommaren er utanlandske steinleggarar, også kalla asfaltarbeidarar.

– Vår erfaring med desse er at dei ikkje betalar meirverdiavgift eller skatt, at arbeidarane deira ofte får dårleg betalt og at, dersom det blir gjort dårleg arbeid, er det veldig vanskeleg å få til noko form for reklamasjon, seier Hadler-Olsen.

Dersom du som kunde betalar over 10.000 kroner kontant for handverkararbeid, og den som utfører det ikkje har betalt skatt eller mva, kan du som kunde bli halden ansvarleg for det selskapet skyldar.

Les òg: Stoppa steinleggarar

– Dersom du blir kontakta av utanlandske handverkarar, eller kjenner til at desse er i jobb i nabolaget, ønskjer vi tips. Politiet og Skatteetaten kjem til å halda fram med å ha fokus på denne gruppa og sjå til at dei har papira i orden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.