Rusa mann og stolen jakke
Politiet har avskilta to, stoppa stillas-nedrigging, sett etter rusa mann og fått melding om tjuveri av jakke.
Måndag i 16-tida fekk politiet melding om rusa mann på AMFI Os.
– Mannen var vist vekk av tilsette ved ein butikk. Vi rykte ut og såg etter vedkomande, men fann han ikkje, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen, som nyleg er tilbake ved lensmannskontoret etter eit halvt år med permisjon for å trena unge topp-roarar.
Måtte avslutta arbeidet
I 23-tida i går kveld fekk politiet melding om riving av stillas i halvmørke, utan sikring.
– Patruljen var oppom og gav dei påbod om å avslutta arbeidet for heller å halda fram i dag, under ordna forhold.
Stal jakke med pengar
I 4-tida natt til tysdag blei politiet kontakta av ein som sakna jakken sin.
– Han fortalte at ein namngjeven person hadde stole jakken hans, og at det var ein del pengar i jakka. Det blei ingen utrykking, vedkomande fekk beskjed om å melda dette i dag.
Både meldar og han som skal stole jakka er kjenningar av politiet.
I løpet av måndagen har politiet dessutan avskilta to kjøretøy i Lysefjorden.