Rusa mann og uvettig køyring
Rusa mann i 40-åra tatt hand om av politiet. Kjent bil dreiv uvettig køyring.
I 20.30-tida måndag kveld måtte politiet ta hand om ein rusa mann i Os sentrum.
– Han var sterkt rusa og måtte takast hand om av politiet.
– Vi fann 5 gram hasj på han, men det var truleg andre stoffer han var rusa på då vi traff han.
– Karen blei framstilt for lege, før han blei sendt heim, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Politiet oppretta sak på tilhøvet.
Uvettig køyring
Politiet fekk òg melding om ein BMW som dreiv uvettig køyring fleire stader i Osbygda måndag.
– Dette er ein bil med eit kjenneteikn vi kjenner frå før.
– Om det var eigaren som førte bilen, så har ikkje vedkommande gyldig førarkort. Det er difor viktig for oss å få ein slutt på denne køyringa, seier Dyrdal.
Politiet har òg hatt fleire kontrollar av personar og køyretøy utan at dette gav grunnlag for reaksjonar.