Lokal | 05. mai 2010

Russen kriga på Øyro

Det byrja med eggkasting i går og heldt fram med full vannkrig i Os sentrum onsdag ettermiddag.

Russen kriga på Øyro
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. mai 2010 15:23

- Vi kom kjørande fredleg gjennom sentrum i går då ein gjeng plutseleg hoppa fram og kasta egg på bilane. Det var då det starta, fortel ein av russen som var involvert i vannkrigen på Øyro i dag.

Rundt alle hjørne kom det i 15-tida stormande våte ungdomar i sivile klede og uniformert russ. Begge partar var væpna, nokre med vannpistol, andre med bøtte eller kanner.

- Vi besøkte ungdomsskulen i dag, og der var det ikkje mykje motstand. Dei ringte til politiet før vi kom skikkeleg i gong. Men no er det full krig, fortalte ei russejente.

- Og det er vatn de har på pistolane?

- Ja, men det er henta frå ei toalettskål.

Men det er ikkje berre rampestrekar russen har funne på i dag.

- Det blir ikkje noko fest i dag, men vi har vore i Sigurdsvika og rydda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.