Kultur | 18. juni 2020

Russen runda av feiringa

Andre økt starta første juni.

Russen runda av feiringa
Presidentane Elida og Martine p åKuventræ i førre veke, i gang med andre del av russefeiringa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juni 2020 16:51

Skuleåret er over for dei fleste eldre elevar, og andre del av den amputerte og spesielle koronarussetida er òg på hell.

Landstreffet blei avlyst det same gjorde 17. maitoget. Årets russ rakk nokre få festar før nasjonaltdagen, korleis har resten vore?

– Vi fekk tre festar i mai, høgdepunktet til no var natt til 17, seier russepresidentane Elida Sofie Haugen Kordts (Os vgs) og Martine Særvold Pedersen (Os Gymnas).

Første juni var dei i gang med andre økt av feiringa. Å ikkje få nokre samanhengande veker, større folkemengder, det store treffet i Kongeparken eller ei oppkøyring mot ein finale gjennom Os sentrum på nasjonaldagen, ser ut til å ha prega feststemninga i forhold til det vi har sett tidlegare år.

– Vi har vore på «bussring» ulike stadar, blant anna på Kokstad og i Øygarden. Det var gøy, men så blei det snakk om at dette berre skulle bli for dei som var medlem på bussane, at vi blei for mange samla, fortel medlemmane på russebilen Explicit.

– Og vi har vore i Sigurdsvikjo, men der er vi ofte litt få, rundt fem bilar.

Jentene på Explicit seier dei har hatt det kjekt både på Kokstad og i Sigurdsvikjo, men kunne tenkt seg endå større samlingar lokalt. (Foto: KVB)
Jentene på Explicit seier dei har hatt det kjekt både på Kokstad og i Sigurdsvikjo, men kunne tenkt seg endå større samlingar lokalt. (Foto: KVB)

– Kva skjer vidare?

– Vi samlast ulike stadar, i små og større grupper. Sjølv skal eg i militæret tysdag, sa Martine då russen i førre veke var samla til kåring av beste bil.

Midtsiden kjem tilbake med bildeserie og resultat frå russebilkåringa i eiga sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.