Fem entreprenørar leverte tilbod på totalentreprisen på klassromsfløyen på Lysekloster skule. Best ut i konkurransen kom Vestafjell AS med ein netto tilbodspris på 31,8 millionar kroner pluss mva. Dei fem entreprenørane blei vurdert som likeverdige på gjennomføringsevne.
– I henhald til reglane har dei fire som ikkje vann anbodskonkurransen frist til fredag i neste veke på å klaga på tildelinga.
– Om det ikkje kjem inn nokre klagar set vi oss ned med Vestafjell i slutten av januar for å teikne kontrakt, fortel Tor Inge Døsen, leiar i prosjektavdelinga i Os kommune.
Vil bruka våren til planlegging
Prisen er gitt som ei totalentreprise basert på funksjonskrav frå Os kommune.
– Entreprenøren vil nytta den første tida på detaljprosjektera bygget med materialval, tekniske løysingar og liknande.
– Vi har sagt at det er naturleg at ein nyttar litt ekstra god tid på dette, slik at ein finn gode løysingar.
Startar arbeidet etter skuleslutt
Bygget som skal byggast på nytt er klasseromsfløyen frå 1977. Setningar dei siste 15 åra har gjort at ein mellomanna har fått taklekkasjar på den søndre del av bygget.
– Det har tatt noko tid å finna ut kva som forårsaka lekkasjane og kva som var den beste løysinga.
– Vi har konkludert med at heile fløyen skal rivast. Det skal entreprenøren starta med når skulen sluttar, nærare bestemt 23. juni, fortel Døsen.
Peling i sommar
Kommunen har i anbodspapira satt krav om at naudsynt pelearbeid skal gjerast før skulestart 2014.
– Det må det gjera for å koma ned på fast fjell, slik at vi ikkje opplever dei same problema som med det gamle bygget.
– I løpet av hausten vil dei så starta arbeidet med å reisa bygget, som skal vera klart til bruk hausten 2015, avsluttar Tor Inge Døsen.