Rustar opp til storkamp
– Enkelte trur det kan koma så mange som 1500 på kampen laurdag, seier Hans Parnefält, som har litt ekstra å by på til seriestart og derby på Kuventræ.


Laurdag klokka 16.00 blir serien i 3. divisjon avdeling 7 sparka i gang.
Os, som dei siste ti åra har rykt opp og ned mellom 3. og 2. divisjon, tar imot naboklubb og sambygding Lysekloster, som har marsjert frå 7. til 3. divisjon på 4 år.
– Det skal bli spennande å sjå kor langt Lysekloster kan gå, om nokon kan stoppa dei, seier Hans Parnefält, dagleg leiar i Os Turn.
– Vi hadde eit lag i Sverige som gjekk heile vegen til Allsvenskan for nokre år sidan, Ljungskile, som no speler i Superettan, seier den svenske sjefen på Kuventræ.
– Som ein opprykkskamp
Lokaloppgjer har trekt mykje publikum nedover i divisjonane, som då Søfteland, Nore Neset og Lysekloster spelte i same divisjon, og i fjor med Søre Neset og Os 2 i 5. divisjon.
Lysekloster har verken møtt Os eller Os 2 før laurdagens seriestart.
– Mange trur det vil koma rundt 500 på tribunen, andre seier det fint kan koma 1500.
– Det har jo vore veldig folksamt her på regntunge opprykkskampar i oktober, mot Hovding i 2006 og Austevoll i 2009. Eit lokaloppgjer med ein så interessant gjest ein fin vårdag kan kanskje trekka like mykje folk som ein opprykkskamp, trur Hans.
Ny bane – ny entré
Os har for første gong kunstgrasbanen på Kuventræ som hovudarena. Kanskje like greit så hardt som vinteren framleis sit igjen,
– I påvente av finansiering og bygging av nytt servicebygg ved banen vil vi bygga ein litt ny entré, ein platting ved kiosken som seinare skal få sitjegrupper i telt.
Kiosken er flytta vekk og skal tilbake på plattingen når den er ferdig.
Maggen, korsong og prisutdeling
Til kampen har Os Turn hyra inn Magnar "Maggen" Lien, komikar og revyskodespelar frå Os som speaker.
– Det er vi veldig nøgd med! Og så får vi Os Vocalis på Kuventræ, dei skal synga Ossongen under innmarsj, fortel Parnefält.
I pausen blir det prisutdeling frå Kurt Monsens Minnefond, til årets ungdomsspelar i Os i 2012, den første prisutdelinga på fleire år.
– No skal vêret skifta litt dei neste dagane, men vi håper naturlegvis på solgløtt og stor stemning laurdag, seier Os Turn-sjefen.