Ryddar dagane for stressa foreldre
– Får vi plass?, er kanskje det vanlegste spørsmålet styrar Kristin Tellefsen i Skorvane FUS barnehage får om dagen.
Er du av dei som ønskjer plass i barnehage til barnet ditt frå hausten er det to viktige datoar du må passa på.
15. februar er fristen for å oppdatera og stadfesta at du framleis vil stå på søkjerlista dersom du allereie har sendt inn ein søknad.
1. mars er fristen for å legga inn ny søknad (altså om du ikkje har søkt før).
Mange som ringer
Kristin Tellefsen, styrar i Skorvane FUS barnehage fortel om hektiske dager, med mange telefonar.
– Det er masse spørsmål frå engstlege foreldre om dagen. Det går i kva plass dei har på ventelista, kva dei kan gjera for å få plass, om dei kan få plass i den nye barnehagen vi skal bygga, men den er ikkje ferdig til august. Vi håper og trur den vil stå klar i desember.
– Det er nesten sånn at eg ikkje rekk å gjera dei andre tinga eg skal som styrar. Difor har eg satt av tida mellom 11 og 14 onsdag og torsdag neste veke, tirsdag og onsdag veke etter, og måndag og tysdag veka deretter for å kunne ta i mot foreldre her på kontoret og hjelpa dei, både med å fylle ut søknaden og for å svara på spørsmål, fortel Tellefsen.
Må følgje reglane
Tellefsen fortel om mange hjarteskjerande historiar i forsøk på å få borna høgre opp på ventelista eller inn i barnehagen.
– Eg forstår at det er ein fortvilande situasjon om den eine forelderen blir permittert frå jobb i oljebransjen og at dei treng plass for å få ny jobb, eller at ein slit med å betala fordi ein har mista jobben, men barnehageområdet er fullt opp av lovar og reglar som vi må følgje når det kjem til tal på barn i høve kvadratmeterane vi har tilgjengeleg, prioriteringane på ventelistene og så vidare. Det er ikkje slik at vi kan unnlata å følgje disse, men vi kan hjelpe til med å finna fram i systemet om ein meiner ein har særskilte behov som gjer at ein har rett på prioritert plass.
– Ein annan ting er at det er mange tilflyttarar til kommunen, som ikkje veit kor rådhuset er, eller kor dei skal henvenda seg. Spesielt gjeld dette kanskje dei som ikkje snakkar så godt norsk. Det er lettare å forklara og hjelpa med søknaden om dei kjem innom, enn å gjera det på telefon, seier Tellefsen.