Lokal | 07. nov. 2014

Ryddar i miljøet

Fem vinningskriminelle fengsla dei siste månadane. – Vi har eit par til i søkelyset, fortel politiet.

Ryddar i miljøet
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 07. nov. 2014 09:27

Den siste tida har det vore relativt hyppige tilfeller av ymse vinningskriminalitet og tjuverier, mellomanna frå postkasser, klubbhuset på Kuventræ og andre stader.

– Vi har hatt ei ekstra merkesemd på det miljøet som vi meiner står bak desse tinga, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Frå september og fram til no har politiet i Os fått dømt og fengsla, eller varetektsfengsla fem kriminelle.

– Den siste blei varetektsfengsla i går for ein månad.

– Frå september til no har vi då fått fengsla eller satt i varetekt fem av dei mest aktuelle gjengangarane.

– I tillegg har vi to namn til på blokka som kjem til å få vår merksemd.

– Eg forventar at desse òg vil bli fengsla i løpet av relativt kort tid, seier politioverbetjenten.

Hadler-Olsen håpar naturleg nok at innsatsen den siste tida vil bidra til færre saker av denne karateren framover.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.