Handballherrene til Os hadde eit lite halmstrå i siste serierunde mot Sotra. Dei måtte vinna med 9 mål, samstundes måtte Kjøkkelvik slå Åsane. Ingen av delene gjekk.
Os tapte 27-31, Kjøkkelvik blei knust av Åsane med 28-48.
Det blei lenge ein jamnspelt kamp i Haukelandshallen. Os og Sotra veksla på å ligga eitt og to mål framfor.
Gir vekk ballen
Ti minutt ut i omgangen leia Os 19-17 og hadde sjansen til å rykka fra, istaden snur Sotra kampen.
– Det har gått igjen i heile sesongen.
– Vi er ligaens beste lag til å gjera motstandarane gode. I staden for å gje gass og punktere kampane har vi gitt vekk ballen.
– Dei treng ikkje eingong å gjera noko sjølv. Dei får det ferdig servert.
– Det gjorde vi igjen mot Sotra, oppsummerar ein tydeleg irritert Jesper Svensson.
Best på Os i var ungguten Isak Røen som med fart og tempo skåra 11 mål og keeperveteran Hans Brunvatne som i perioder stengde buret.
Os - Sotra 27-31 (12-12)
Utv: Os 3x2 min, Sotra 3x2 min
Os sine målskårarar: Isak Røen 11, Ove Lyssand 5, Fredrik Andresen 3, Joachim Nøkleby 1, Trygve Lerch Dahl 3, Jørgen Wold 1, Øystein Skarding 1, Joakim Blostrupmoen 1.