Politi | 20. juni 2021

Rykte ut på melding om rifleskot

Utanom feststøy og skyting har det vore ein roleg laurdag for politiet.

Rykte ut på melding om rifleskot
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. juni 2021 07:46

Laurdag i 22.30-tida på kvelden fekk politiet melding om noko som høyrdes ut som rifleskot.

– Det skal ha vore fleire skot i eit område langs Lepsøyvegen, fortel politibetjent Sindre Lekven Hallem.

Patruljen rykte ut, men då var det ingen på staden.

Tre klagar på støy frå fest

Frå i dag klokka 12 gjeld trinn 3 i gjenopninga, noko som inkluderer slutt på skjenkestopp ved midnatt.

I går var gamle reglar framleis gjeldande. Politiet fortel om mykje folk ute i sentrum likevel, utan at det førte med seg noko å retta opp i.

– Men vi fekk klage på støy frå tre adresser, to i Kuvågen-området og ein på Nore Neset.

– Vi rykte ut på to av dei og hadde telefonkontakt med huseigar på den tredje festen. Alle ser ut til å ha retta seg etter pålegg om å dempa støyen, for det kom ikkje inn fleire klager.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.