Rykte ut på søk
Os brannvesen stilte med dykkarar då ein mann blei meldt sakna i Kvinnherad.


Sundag sendte Os brannvesen tre dykkarar og ein dykkeleiar til Kvinnherad for å søkja etter ein sakna mann i 40-åra.
- Han blei sitt sett i Sunde natt til sundag, men blei først meldt sakna i 15-tida i dag, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Dykkarane frå Os reiste med brannbil til Leirvik, der dei fekk transport vidare med politibåt.
- Røde Kors, brannvesen og politi dreiv søk langs sjøen, og nokre sko hadde blitt funnen. Men då dykkarane våre kom fram hadde dei funne mannen, så dykkarane er på veg heim, seier Monsen.
Operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Asbjørn Andersen, opplyser til midtsiden.no at mannen, som er frå utlandet, blei funnen i god behald. Andersen har ikkje opplysiningar om kvar mannen blei funnen, men det skal ikkje ha vore i sjøen.
PS! BT.no skriv i kveld om ein bil som stoppa for ein brannbil på Stord, og då blei påkjørt bakfrå. Det var brannbilen frå Os bilen stoppa for, og mannskapet frå Os meldte frå om ulykka og tok seg av dei lettare skadde bilistane til anna hjelpepersonell kom fram.