Lokal | 26. sep. 2018

Rykte ut til lekkasjar i fire bustadar

Treg trafikk og vassinntrenging i fleire hus onsdag morgon.

Rykte ut til lekkasjar i fire bustadar
Trafikken på E39 Osveien på Kalandseid i morgontimane. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. sep. 2018 07:45

Det var meldt store nedbørsmengder på få timar natt til onsdag, og vêret blei som meldt.

Eidsvegen er stengt etter at ein kulvert kollapsa (sjå bilde), og trafikken til Bergen gjekk seint både på E39 Osveien og via Lysefjorden.

Samtidig fekk Os brannvesen melding frå fleire som hadde fått vatn inn i bustaden sin.

Fire ulike stadar

– Dei første meldingane kom inn i 04.30-tida, men i 7-tida gav det seg, fortel Martin Svendsen i Os brannvesen.

Brannvesenet var ute på tre einebustadar. Desse ligg i Finnebrekka (mellom Hatvikvegen og Oselvo), Sjoavegen (nedanfor Midtbøvegen, mellom Hauge og Solstrand) og Myrvollen (ved Idrettsvegen).

– På det verste var det 5-10 cm djupt med vatn i kjellaren, fortel han.

Teknisk eining var med på fleire av stadane. Der det var naudsynt blei det plassert ut pumper.

– I tillegg var vi ute på Os Sjøfront 2, blokka som ligg nærmast Mobergsbakken. Der var kapasiteten på overvassleidningane sprengde, og litt vatn kom inn i kjellaren. Her må vi ta ei utbetring, seier teknisk vakt i Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.