Lokal | 10. mai 2009

Sa «hei» - blei slått ned

Stig Øvreeide hadde ein flott kveld på DeLillos-konsert laurdag kveld. Heilt til han sa "hei" til feil person.

Sa «hei» - blei slått ned
Stig Øvreeide måtte sy fire sting etter valdsepisoden.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 10. mai 2009 22:39

Stig Øvreeide (41) måtte sy fire sting under auget etter at han blei slått ned utanfor Da Vinci natt til sundag.

– Eg hadde vore på konsert med ei venninne. I 3-tida møtte eg nokre ungdomar utanfor Da Vinci. Eg sa hei til dei, men han eine svarde «hald kjeft». Så snudde han ryggen til meg.

– Eg pikka han på skuldra, og då snudde han seg og slo så eg ramla i bakken, fortel Stig.

Stakk av

41-åringen gjekk i bakken. Då han kom til seg sjølv igjen såg han at ungdomen som slo stakk av.

– Han hadde hette på seg, og sto saman med nokon. Det var ikkje mange folk der, men eg håpar nokon veit kven han er så dei kan tipsa politiet, seier offeret.

I morgon skal han på lensmannskontoret for å melda valdsepisoden.

Ikkje redd

Sjølv hadde Stig mykje blod på genseren. Ei dame han kjenner kom til for å hjelpa, og fekk han med til lokal legevakt. No har han fire sting under venstre auge.

Stig er ein sosial mann som liker godt å gå på konsert. Kvelden i går hadde han sett fram til lenge, men den enda dårleg, og dagen i dag har heller ikkje vore god.

– Har noko slikt skjedd med deg før?

– Nei. Eg har aldri blitt slått før.

– Kjem dette til å gjera at du blir redd for å gå på konsert?

– Nei. Det var dumt det som skjedde, men eg må kunna gå på konsert utan å vera redd, meiner Stig Øvreeide.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.