Sa ja til butikk på Kloppamyro
H/Frp sa igjen ja til Norgesgruppen sitt ønskje om å bygga butikk på Kloppamyro i Ådnadalen.
Torsdag blei detaljreguleringa for Kloppamyro-Ådnadalen slutthandsama i plan- og bygningsutvalet. Administrasjonen, hadde som første gong saka blei handsama, ei negativ innstilling til å omregulera området frå industri/lager til forretning/kontor/industri.
Det støtta oposisjonspartia med Ap i spissen.
– Eg meiner det same som då vi handsama saka sist. Vi må ha is i magen og venta på at vi får lagt planen for kor vi skal ha nærsentra. For meg er det ikkje Norgesgruppen som skal bestemma hor butikken i Hagavik skal ligga, poengterte Trine Lindborg (Ap) som fekk støtte frå partikollega Harald Døsen.
– Tillet vi detaljhandel på Kloppamyro no, så har vi langt på veg definert nærsenteret på Nore Neset. Eg meiner dette er for langt unna og i utkanten av all bebyggelse. Det kjem ikkje meir hus lengre nord.
– I utgangspunktet hadde eg tenkt meg eit nærsenter i området ved Dahlsvegen. No blir det påstått at tomta der er for liten til det Norgesgruppen har behov for, men då må vi tenkje alternativt til det. Slik eg har forstått administrasjonen, så ser dei meir i retning Skeie og Grindavoll.
Trafikktryggleik og miljøgevinst
Kommunen er i desse dagar i ferd med å bygga ein gang- og sykkelveg frå Ulven til Irgenskrysset. Dette var i følgje Gustav Bahus (Frp) ein av grunnane til at dei to posisjonspartia vil seie ja til omreguleringa.
– Trafikktryggleiken blir sikra no når kommunen byggjer gang- og sykkelveg forbi området. I tillegg vil ein butikk der kunne gje fleire arbeidsplassar i området, meinte Bahus, som fekk poeng for arbeidsplassane frå Døsen som meinte at desse ville komma også om nærsenteret blei plassert ein annan stad.
– Arbeidsplassar er ein ting, men det er eit miljøaspekt i det òg. Dei færraste spaserar til butikken for å handle. Dette vil opne for at alle som køyrer den vegen til Nore Neset og Strøno vil kunne gjera innkjøpa sine på veg heim og dermed sleppa å køyre omveger for å handla, poengterte Bahus som la fram forslag om å godkjenna endringa når dei krav til rettelser i føresegnene som vegvesenet hadde kome med var retta opp.
Dette blei vedteken med 5 (H/Frp) mot 4 (Ap/TvS/Krf) røyster.