Lokal | 03. mai 2017

Sa ja til å flytta leikeplassen hit

Politisk usemje om plassering av leikeplass på Berge. H/Frp valde å støtta utbyggjar mot å få fortau i retur.

Sa ja til å flytta leikeplassen hit
Utbyggjar ønskja å flytte leikeplassen til området mellom ballbingen og vegen. Det sa posisjonen ja til mot å få fortau langs vegen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 03. mai 2017 09:06

I plan- og bygningsutvalet torsdag skulle politikarane ta stilling til ei mindre endring av reguleringsplanen på Berge, kor den eine leikeplassen blir flytta frå ei relativt sentral plassering i feltet til utkanten av boligfeltet, kor også ballbingen er plassert.

I saksframlegget kjem det fram at velforeninga i området ikkje ønskjer flyttinga.

– Utgangspunktet vårt for å gå for administrasjonen sitt forslag om å ikkje tillete flytting er at den alternative plasseringa ikkje er så god som den første. Velforeninga liker heller ikkje alternativet, det er berre utbyggar som ønskjer seg det. Det viktigaste for oss er ungane og brukarane, argumenterte Harald Døsen (Ap) som fekk støtte av Terje Sperrevik (TvS).

Vil ha fortau

Gustav Bahus (Frp) fremja det alternative framlegget til vedtak kor ein gjekk inn for å flytta leikeplassen, mot at utbyggar samstundes la fortau frå innkøyringa i Eidsvegen og langs tilkomstvegen inn i bustadfeltet.

– Fortausbiten har vore etterspurt. For oss er trafikksikringa i området viktig. Dette manglar ned til ballbingen, difor er det viktig å få satt dette området i stand og få fortau på plass, argumenterte Bahus, som ikkje overraskande møtte motbør hos Døsen og Sperrevik.

– Ser ikkje Frp/H tanken i den opprinnelege reguleringsplanen om det grøne midt i senter av planen. FE2 er opebart eit flott område kor ungane skal få leike. Er det meininga å legge hus der i staden, er det den beste løysinga i eit slik bustadområde, undra Sperrevik.

Trafikksikring viktigast

Bahus heldt på sitt, at det viktigaste for posisjonen var trafikktryggleiken.

– Med dette får ein eit heilheitleg leikeområde der nede, kor det tidlegare var friområde. Denne heilskapen er viktig for oss med tanke på trafikksikringa, no kan ein òg få det tryggare rundt ballbingen. Eg har tiltru til arkitekten sine teikningar og at ein får opparbeid snarvegen for ungane i tillegg, svara Bahus som fekk støtte frå May Brit Haringstad Mjøs (H).

– Eg var veldig på vippen då vi reiste opp der og tenkte at dette ikkje blir bra, men eg blei ganske skuffa då vi kom opp på den opprinnelege leikeplassen. Den ligg ikkje sentralt i feltet som eg trudde. Dei har ein der oppe som er mykje meir eigna i høve bustadene, difor ønskjer eg at vi heller tenkjer trafikksikring. Det opprinnelege området synes eg er feilplassert, argumenterte Haringstad Mjøs.

– Det er jo ikkje noko anna plass som er meir sentralt enn i krysset der. Då kan ungane gå vegen både mot nord, vest og sørant frå. Eg ser ikkje noko meir sentral, kommenterte Harald Døsen.

– Eg er ikkje eining. Det foreldra der oppe var opptatt av var å kunne sjå ungane frå stovevindauge. Det gjer dei ikkje på den opprinnelege plasseringa heller, svara Haringstad Mjøs.

Posisjonen med Frp/H sine fem røyster gjekk inn for å la utbyggjar flytta leikeplassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.