Fjellheim og den 2,6 mål store tomta vil no bli lagt ut for sal (foto: Andris Hamre)

Sa ja til sal av Fjellheim

Kommunestyret stadfesta at Fjellheim skal seljast, trass iherdige forsøk frå opposisjonen.

Av: Andris Hamre

Maratonløpet om Fjellheim ser ut til å ha fått sin ende. I kommunestyret tysdag gav fleirtalet på 20 representantar (heile Frp og Høgre, pluss ein frå venstre og ein frå Krf) eigedomsutvalet fullmakt til å selja Fjellheim og tomta rundt.

Det mangla ikkje på forsøk frå dei som meinte at Fjellheim burde bevarast på å overtala fleirtalet til å snu.

– Eg føler meg som ein boksar i ellevte runde, kor eg har tapt på poeng i alle rundane. No må eg vinna på knockout i siste runde. Eg appellerer til de som sit med makta. Det er lov å tenkja seg om ein gang til, opna Harald Lekven (Sp) som poengterte at Foreninga Bevar Fjellheim hadde fått inn 4000 underskrifter frå osingar som ikkje vil at bygget skal rivast.

– La oss skapa historie her no. «Make Os great again!» og gjer det beste vedtaket «ever», appellerte Lekven.

Lågterskel kulturfabrikk

Fleire av representantene frå Arbeiderpartiet poengterte viktigheita av å ta vare på bygget.

– Over fleire år har vi i Ap argumentert for og budsjettert med at Fjellheim skal brukast. Det kan bli ein lavterksel kulturfabrikk i Bjørnafjorden. Vel kommunestyret å selja så er det irreversibelt, poengterte Tone Hepsø, som la fram forslag om at det ikkje skulle seljast, sekundert at det skulle seljast til minimium salssumen som låg inne i finansieringa av Oseana.

– Eg har gode minne frå Fjellheim, med alt frå å spele bassgitar og danseoppvisningar. Eg nådde ikkje så langt, men det gjorde andre. Sjå berre på Aurora og Marius Neset. Suksessen deira handlar om talent og hardt arbeid, men også om Fjellheim, meinte Sandra Austgulen.

– Det er rett og slett galskap å riva Fjellheim. Det er trist at ein ikkje vil høyre på osingane. Det er frykteleg trist at det prestisje går framfor kulturarv og at ein ikkje i det minste kan vente på kulturminneplanen. 

– Det handlar om folk, tilhøyre, fritid og kultur. Det handlar om å redda Fjellheim som grendahus og om å kunne tilby eit lågterskeltilbod der folk bur. Det handlar ikkje om nostalgi og bakstreverske tankar. Os treng Fjellheim og Fjellheim treng osingane no, argumenterte Trine Lindborg.

Siren Tømmerbakke (Sp) meinte at med prognosane for Os Uaktiv, kor kostnaden no ser ut til å ha auka med 20 millionar, så kan Fjellheim vera ein del av løysinga for å få dei totale kostnadane ned.

Ville la eldsjeler få kjøpa billigare

Glenn Erik Haugland (V) såg at å stoppa eit sal ville vera vanskeleg, og kom difor med ei anna løysiing.

– Fjellheim er osingane sin kulturelle identitet. Vi kan gje forkjøpsrett til dei som vil driva Fjellheim vidare som kulturhus. Ideelle organisasjoner eller frivillige lag kan få forkjøpsrett til over 5 millionar kroner. Eg veit det bryt med eigedomsstrategien vår, men det kan gjerast unntak. Sel vi Fjellheim så sel vi sjela vår.

Rådmann Christian F. Fotland svara at det kanskje ikkje var riktig så enkelt og viste til EØS-reglementet.

– Differansen av marknadsverdi og salssum vil bli oppfatta som ei støtte til den som kjøper eigedommen. Det betyr at ESA kan koblast inn og det vil krevja ein ganske grundig prosess i EU-systemet for å få det til. Konsekvensen kan vera at kjøpar i ein dom i ESA blir dømd til å betala marknadspris og moglegens at kommunen må realisere differansen som eit tap, forklarte Fotland.

Ein repetisjon av tidlegare argument

Espen Aspenes (Frp) meinte at ein no var ved vegs ende.

– Denne saka har versert sidan 2008. Eg kan ikkje sjå at debatten har brakt nye moment inn i saka. Det har vore ein repetisjon av det vi har debattert tidlegare, både frå dei som vil bevara og dei som vil selja som finansiering av Oseana.

– Finansieringsplanen av Oseana består av to element, kor det eine elementet er sal av Fjellheim til takst. Det vil vera det same som marknadsverdi. Om det vil vera sju, ti eller tolv millionar, det er det marknaden som styrer. Vi har fått Oseana og vi skal få Os Uaktiv, som vi meiner uansett vil vera eit meir tidsriktig bygg.

– Vi blir skulda for å ikkje ta vare på kulturarven, men det er ingen som har brukt i nærleiken av så mykje penger på kultur som Frp i Os har gjort, poengterte Aspenes.

Fleire saker