Kultur | 25. okt. 2011

Så kom jenteversjonen

Du klarer kanskje å gjetta kven som har fått den feminine 1-2 Osablod-tatoveringa?

Så kom jenteversjonen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. okt. 2011 07:51

Ho er forlova med Kjetil Osablod Grønvigh og blei berre litt overraska då ho «opna» bursdagspresangen sin.

– Eg har fått tatovering i gåve av Kjetil før, til jul i fjor, men denne kom faktisk litt overraskande på, seier nytatoverte Aina Særvold Sælen.

Fredag 14. oktober fylte ho år, nokre dagar i forvegen fekk ho sjå skissa av den feminine versjonen av sambuaren sitt Os-stempel.

– Ho kunne ha trekt seg, humrar Kjetil.

Patriot

I oktober i fjor blei Kjetil Grønvigh «stempla som osing» med Torkjell «Toschie» Rød-skisse og kampropet til A-laget til Os på armen.

Rockeklubb-sjefen Kjetil er ikkje spesielt fotballinteressert, men syntes Osablod var eit tøffare patriot-uttrykk enn «oppleving og kos - 5200 Os».

– Folk byrja jo å tatovera seg med postnummeret til Loddefjord. Eg meinte vi kunne klara noko som er minst like bra.

Alle sin

– Eg sa den gong at tatoveringa ligg i studio hos Torkjell om andre vil stempla seg som osing, noko fleire har prata om i ettertid, seier Kjetil, som i haust også tok mellomnamnet Osablod (!).

Nokre av dei som har snakka om å ta seg ei Osablod-tatovering var jentene i styret i Os Rockeklubb. Ei av dei er Kjetil sin sambuar Aina.

– Både guteversjonen og jenteversjonen er for alle, om det er fleire som vil visa at dei er stolte av å vera frå Os, seier Mr Osablod.

Nytt namn?

Aina og Kjetil er forlova, men om Aina har takka ja til tatoveringa er ho ikkje like sikker på om ho vil skifta mellomnamn.

– Ha, ha! Først får eg konsentrera meg om jakta på Grønvigh-namnet, eg er ikkje heilt overbevist om mellomnamnet enno, ler ho.

– Men kanskje, legg ho til.

Ikkje Vestlandslefsa

Medan guteversjonen er inspirert av Perle og Bruse leika Kjetil og Torkjell med tanken på å finna ein tilsvarande jentehelt figur.

– Jenta på emballasjen til Vestlandslefsa blei fort nemt, men vi slo ho frå oss. «Du kan heller teikna Aina i Perle og Bruse-versjon, men ikkje sånn at ho blir fornærma», ba eg han om, fortel Kjetil.

Og Aina blei det, eller kva synes du?

Medan guten har Love og Hate på fingrane har jenta Love og Lust. Men ho er minst like tøff.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.