Næringsliv | 24. feb. 2011

Sælen kom i mål

- Vi hadde god margin, men det blei travelt på slutten likevel, seier Paul Hans Sælen om den utvida butikken han i dag opna.

Sælen kom i  mål
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. feb. 2011 12:38

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Jernia-butikken P. M. Sælen & Co AS har brukt første del av 2011 på å utvida butikken frå 160 til 260 kvadratmeter.

- Vi starta tidleg for å ha god tid på oss, så vi kunne ha butikken open under heile ombygginga. Men det blei travelt mot slutten, i 23.30-tida i går kveld fann vi ut at plakatane sine hol ikkje passa med festa, så då måtte vi vera kreative i innspurten, fortel innehavar Paul Hans Sælen.

Den 55 år gamle jernvaren i Os sentrum har utvida fleire gongar før, men aldri vore større enn no. Det einaste som har blitt mindre er verkstaden, som no er fullstappa etter arbeidet og siste rydderunde i butikken før nyopning.

- Eg kvir meg litt til å rydda der inne, men eg har ikkje noko val. Med mindre plass blir det viktig å halda orden der òg, ler Paul Hans.

Lett eller vanskeleg å finna fram?

Sælen har med seg både søstera Marie Hilda og dei to sonane Per Sigurd og Hans Kristian i butikken. Kundane som var innom samstundes med Midtsiden.no var raske med å gratulera familien med nyutvida butikk.

- No har eg gått her så mykje og blitt så godt kjent med kvar varene er, og så må eg byrja på null igjen, sa kunde Odd Gorm Hansen, men var rask med å seia seg einig då Paul Hans sa at det no var både meir plass mellom hyllene og betre disponering av varene.

Ny på maling - større på kjøkken

Den største forskjellen på butikken, etter at Os Reisebyrå flytta opp ein etasje til fordel for jernvareutviding, er at maling har kome i utvalet.

I tillegg kan Marie Hilda og kollegaen Åse Songstad, som begge har jobba i butikken i 30 år, gleda seg over utvida plass til kjøkkenutstyr.

- Panner, glas, termos og elektriske småapparat har blitt viktigare med åra, det var naturleg å gje god plass til denne varegruppa, seier Sælen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.