Såg i postkassar
Politiet har det siste døgnet fått melding om vinglete kjøring, folk som "studerte til å bli postbod" og tjuveri av påhengsmotor.
Måndag kveld var politiet på trafikkulykke på Hetleflåten og brannvesenet tok hand om båt som kantra i Os hamn.
I går fekk politiet også melding om folk, nokre menn i midten av 30-åra, som snoka i postkassar i Dahlsvegen i Hagavik.
– Ein forbipasserande hadde snakka til dei, og dei hadde forklart at dei studerte til å bli postbod, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Politiet såg etter ein blå golf stasjonsvogn etter den tvilsame studieturen, og er interessert i fleire tips.
Stolen påhengs
Frå same nabolag, i Skeisstøa, har det kome melding om tjuveri.
– Ein 9,9 hk påhengsmotor av merket Johnson er stolen.
Vinglete italiener
Måndag hadde politiet trafikkontroll på Ulvenvegen. 21 bilar blei kontrollerte, politiet fann ikkje noko å reagera på.
Tysdag morgon kom melding om vinglete kjøring. Politiet rykte ut og stoppa bilen, som viste seg å ha ein edru italiensk turist bak rattet.