Lokal | 23. feb. 2017

Sakna mann funnen død i sjøen

Vargavågen: Nødetatane sette i gang stor redningsaksjon då ein 85 år gamal mann blei meldt sakna.

Sakna mann funnen død i sjøen
Nødetatane er kalt ut til ein redningsaksjon på sjøen etter at ein båt med ein person er sakna torsdag kveld (lesarbilde)
Andris Hamretorsdag 23. feb. 2017 19:07

Om lag klokka 19 gjekk alarmen etter at ein båt blei meldt sakna.

«Os; Vargavågen: Brannvesen frå Os og Bergen i større redningsaksjon etter sakna person», meldte 110-sentralen på Twitter.

«Større redningsaksjon iverksatt etter saknamelding. Redningsressurser er på staden», skreiv Vest politidistrikt.

Det var fleire politipatruljer, redningsbåt, luftambulanse og brannressursar på veg frå Bergen.

Kort tid etter meldte 110-sentralen om at den sakna personen var funnen og at ressursane frå Bergen var sendt i retur.

Ifølgje BT.no var det ein 85 år gamal mann som blei sakna, og funnen etter kort tid.

Mannen var diverre omkomen. Dei pårørande er varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.