Sakna og funnen på Hjelle
Mathias (11) saknar den kosete hankatten Kevin, samtidig har Malin funne ei lita kattejente som saknar heimen sin..

Midtsiden.no har fått melding om ein sakna og ein funnen katt. Diverre viste det seg at det ikkje var den same.
Kevin er ein sølvgrå hankatt på eitt år som er sakna frå heimen sin på Hjelle. Han har vore vekke i vel to veker.
- Han er ekstremt kosete og pleier å kaste seg på rygg for å bli klødd på magen, fortel Matias på 11 om kva som kjennetegner den kjære katten.
Fann liten jente pus
Malin Fossli fann for ei lite veke siden ein liten jentepus, også det på Hjelle.
- Ho er kosete, leken og tillitsfull.
- Ho har god appetitt og er opplærd til å gå på kattedo, fortel Malin.
Katten har kvite bein og kvit på magen ellers spranglete. Ta kontakt med Malin på 951 63 944 om du kjenner katten.