Sport | 07. juli 2015

Saknar ballar for 20.000 kroner

5000 golfballar har blitt tatt frå drivingrangen på Bjørnefjorden golfklubb. – Det er ein stor kostnad for klubben, seier Hodneland.

Saknar ballar for 20.000 kroner
Det har blitt tynt med ballar i bøtta til dagleg leiar Eivind Hodneland etter at golfklubben har mista 5000 rangeballar sidan mars/april (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 07. juli 2015 12:29

Om lag 5000 ballar, til ein verdi på rundt 20 000 kroner, har forsvunne frå drivingrangen på Bjørnefjorden Golfklubb sidan månadsskiftet mars/april.

– Då vi starta sesongen var maskina vi har rangeballane i smikk full. Den tar 8000 ballar. I dag har vi berre 3000 igjen og opplever dager kor vi ikkje kan tilby spelarane å få varma opp før vi har vore ute på drivingrangen og plukka, fortel Eivind Hodneland, dagleg leiar ved Bjørnefjorden Golfklubb.

– Har de nokre idear om kor resten har blitt av?

– Ein og annan ligg nok i skogen her borte eller har blitt plugga i jorda, men det er snakk om maks hundre. Før skulane tok ferie observerte vi, og snakka til, fleire skoleborn og ungdomar som tok med seg ballar på veg til eller frå skulen. Vi har òg fått melding om eldre ungdommar som kjem i bil på kvelden og plukkar med seg store mengder. Ein nabo tok nokre på fersken for ikkje lenge sidan.

Hamnar i Ulvenvatnet

Kor nokre av ballane har teke vegen har Hodneland og dei andre på golfklubben ei klar meining om.

– Vi veit at ein del av dei ligg i Ulvenvatnet. Medlemmar har sett folk som har stått og slått ballar ut frå mellomanna Sigurdsvikjo. Ungdommar i klubben har vore oppe der for å forsøke å fiska nokre av dei oppatt, men mange av dei ligg på for stor djup til at det lar seg gjera.

– Dei ballane må vi nok berre sjå på som tapt, men eg håper folk som kjem over golfballar dei ikkje kjenner til i garasjen eller på barnerommet tar seg bryet med å koma opp her med dei. Om dei ikkje vil gjera det på dagtid, så gjer det på kvelden då og sleng dei ut på drivingrangen, ber Hodneland.

Ballane klubben har mista er tydeleg merka med «Range» eller «Bjørnefjorden Golfklubb». Ballane er øvingsballar og blir ikkje brukt til ordinært spel på banen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.