Saknar du denne?
Sykkel funnen i Øvre Varåsen laurdag morgon.
Då Anita Henriksen kom ut på trappa laurdag morgon såg ho noko liggande i hekken.
- Det viste seg at nokon hadde slengt frå seg ein sykkel i buskene i løpet av natta, fortel Henriksen.
I følgje Henriksen er det ein barnesykkel ho no har fått i hagen.
Oppdatert tysdag kveld: Eigaren har no meldt seg.
Registrer sykkelen
I tillegg til å ha ein skikkeleg lås på sykkelen kan det vera lønsamt å registrera sykkelen i Sykkelregisteret.
Sykkelregisteret blei oppretta i 1983 av forsikringsselskapa i samarbeid med politiet. Har du registrert sykkelen din der gjer du jobben lettare om den blir stolen og politiet kjem over den.
I følgje registeret si heimeside har antal sykkeltjuveri gått ned med 50% sidan registeret blei oppretta.