Lokal | 29. aug. 2011

Saknar du meg?

Ein guttepus har funne seg tilrette ved Halhjemsvegen, men slit kranglete kattejenter.

Saknar du meg?
Andris Hamremandag 29. aug. 2011 12:01

Ein guttepus har slått seg til ro hos Mette Pettersen i Halhjemsvegen ved Halhjem Kafé. Sidan Mette har to kattar frå før har ho ikkje moglegheiten til å ta vare på han. Han lurar difor på om det er nokon som saknar han.

- Eg får mat og vatn, men vil gjerne inn i varmen av og til... no er det vått ute og snart blir det kaldt også.

- Mette er snill med meg. Eg prøver stadig vekk å snike meg inn i huset, men det blir så mykje bråk utav det.

- Dei to kattejentene som bur der liker meg ikkje noko særleg. Og eg som trudde jenter liker guttar.

- Eg vil jo berre ligge i ein god og varm stol eller eit fang slik som eg er vant til.

- Eg er sort med kvite potar og kvit krage, har halvlang pels og ein tjukk flott hale. Om nokon kjenner meg kan dykk ringa Mette på 900 19 680.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.