Os Venstre inviterte sundag til ope møte i Oseana om lokaldemokratiet i Os under overskifta «Stemmer frå Os - blir dei høyrde?». I panelet sat ordførar Terje Søviknes (Frp), ordførarkandidat Jon Sivert Rykkel (V) og representantar for fem av folkeaksjonane som har vore i sving dei siste åra.
Diverre blei det lite debatt om lokaldemokratiet fungerar eller ikkje, men mykje snakk om dei einskilde sakene. Noko av grunnen til at det blei slik kan vera at statsvitar og professor Frank Aarebrot, som var invitert til å innleia og å kommentera debatten nytta innleiinga si til å kommentera den konkrete utviklinga av Osbygda, meir enn debatt-temaet.
– Eg er eigentleg imponert over kva Søviknes har fått til på desse 16 åra.
– Boligbygginga her ute (Os sjøfront og Vindu mot Fjorden, journ.mrk) er rett måte å bygga på etter mi meining.
– Det er òg fornuftig at kommunen båndlegg tomta bak her til hotell. Det er eit verkemiddel Fredrik Stang nytta allereie i 1850 då han var statsminister og ville byggja statsbanene.
– Men, Os har vore dårlege på å planlegga infrastrukturen.
– For eksempel er det for langt inn på Osøyro å handla om du bur her ute og er dårleg til beins.
– Ein anna ting er vegen frå Ulvenvegen og inn til Os, det ser ut som eit bomba horehus, både bustaden for rusmisbrukarar og kjøpesenteret er ein skam.
– Os er triveleg, men bygd ut med byggeklossar kor infrastrukturen ikkje har følgt utbygginga, mente Aarebrot.
Korleis lukkast i påvirkinga?
Møteleiar Glenn Erik Haugland hadde invitert seks aksjonsgrupper, kor ei diverre blei forhindra frå å stille, for å settje søkelyset på kvifor dei aksjonerar, korleis dei opplever kontakten med lokalpolitikarane og i kva grad dei føler dei har lukkast i å få gjennomslag.
– Vi gjekk saman fordi nokon vil byggja firefelts motorveg gjennom hagane våre og det virka som om ingen ville diskutera dette.
– Då vi starta var inntrykket at veldig få hadde fått med seg planane og vi ønskja ein offentleg debatt om Hordfast og bru over Bjørnafjorden.
– Debatten opplever eg vi fekk, sjølv om kommunestyret kom med ei uttale som seier ingenting. No er jo saka vår litt spesiell sidan det er nasjonale interesser involvert, forklarte Knut Børgesen frå Folkeaksjonen mot Bru over Bjørnafjorden.
Vil halda fram
– Vi har prøvd å få politikarane med på ein dialog, hatt møte med alle partia og blitt møtt med forståing.
– Vi har gjort det vi har avtalt med ordføraren og politikarane i høve tilstandsrapport og framlegg til driftsmodell, men føler dei ikkje har holdt sin del av avtalen.
– VI kjem til å halda fram med kampen mot riving av Fjellheim. Fylkeskonservatoren si uttale opplever vi som ei støtte, fortalde Tore Moberg frå foreninga Bevar Fjellheim.
Forskjellige interesser
Håkon Pedersen, frå aksjonsgruppa mot storstilt utbygging av Bjåneshalvøya, peika på utfordringa med å samordne fleire interesser i ein så stor plan som kommunedelplanen for Bjånes.
– Men det vi reagerte mest på var sjølve prosessen frå kommunen si side. Det virka som om holdninga var at all utbygging er god utbygging.
– Vi nytta oss av alle dei verkemidla vi hadde tilgjengeleg med flygeblad, lesarinnlegg og underskriftskampanjer.
– I tillegg prøvde vi å komma i kontakt med dei politiske partia, men opplevde ikkje at vi fekk Frp og høgre på banen.
– Det vi klarte, var å få utbygginga til eit politisk poeng i valkampen, men vi får jo dei politikerane vi velgjer.
– I etterkant av valkampen og vedtaket om kommunedelplanen opplever vi at det har blitt heilt stille.
– Om det er at fordi dei har blitt så sjølvgode eller trygge på seg sjølv at dei ikkje meiner deit treng lytte til innbyggjarane veit ikkje eg. Vi har iallefall ikkje høyrt noko i etterkant.
Fekk gjennomslag
To av deltakarane i panelet, Tor Morten Frey Sivertsen frå Aksjonsgruppa mot plasseringa av OHARA og Eirik André Hesthamar, denne gong ikkje som politikar, men som ein framtredande skikkelse frå aksjonen mot kutt i offentleg finansiering av private barnehageplassar, opplevde det som dei andre aksjonsgruppene ikkje har lukkast med, nemleg å få gjennomslag for sine syn.
– Vi meinte at rapportane som låg til grunn for dei avgjersla politikarane skulle ta var heilt feil, og satte store spørsmålsteikn ved dei foreslåtte plasseringane.
– All fritid dei to åra aksjonen varte gjekk med, men vi klarte å få politikarane til å snu.
–Det å snakka med politikarne var greitt nok, men vi følte vi ikkje kom noko veg. Difor la vi ein strategi kor vi måtte påverke innanfrå.
– Vi engasjerte oss i dei politiske partia og fekk inn medlemmar i styre og stell i alle parti i forkant av valet.
– Det trur eg var nøkkelen til at OHARA blei plassert i Liafjellet og ikkje under Mobergshaugen eller Kuhnle, fortalde Frey Sivertsen.
– Vi valde ein tilsvarande strategi. Rett nok ikkje med å gå inn i partia i utgangspunktet, men å nytta det nettverket vi hadde, til politikarar, media og andre.
– Som OHARA-folket nytta vi òg prosessen fram mot kommunevalet. Alle som står på val ønskjer å bli vald, då er det vanskeleg å seie nei.
– Når det er sagt, og etter at eg sjølv blei oppmoda til å gå inn i politikken, så ser eg at det blei ein kostbar aksjon for kommunen, påpeika Hesthamar.
Blir høyrd, utan å få gjennomslag
Ein ting var dei to politikarane i panelet einige om. Det å ikkje få gjennomslag for sine synspunkt er ikkje det same som å ikkje bli høyrt.
– Eg opplever vi har ein open prosess i kommunestyret, kor vi no har ein mykje breiare tilslutning i fleire saker, enn det som var tilfellet tilbake i perioden 1999 til 2003.
– At det av og til kan opplevast som frustrerande at det er to parti som har fleirtal, betyr ikkje at ein ikkje blir høyrt.
– Det skal vera engasjement, om ikkje blir det ein fattig debatt, påpeika Søviknes, som rosa dei som engasjerar seg.
– Eg vil berre oppfordra til meir engasjement og at dei som er engasjert også gjer det gjennom politiske parti.
– Det er kanskje lettare å få gjennomslag når det kjem som internt press, påpeika Rykkel.
Etterlyste visjonsdebatten
Frå salen kom det fleire innlegg knytt til einskilde saker som aksjonsgruppene, men også innlegg av meir verdimessig og visjonsmessig karakter.
– Har vi lyst til at Os skal vera eit vegkryss, eller skal vi behalde Os med den fantastiske naturen vi har i dag.
– Det manglar visjoner om kva vi vil at Os skal vera, påpeika ei av tilhøyrarane.
– Det handlar om identitet. Os er og var ei flott bygd, men det som har skjedd dei siste 15 åra er hjarteskjærande når det ikkje først blir diskutert på høgt nivå.
– Er det eit mindreverdigheitskompleks eller stormannsgalskap. Eg skulle ønskje at Terje hadde hatt større politisk motstand, det hadde du fortjent, helsa Vibeke Harild.
– Desse innlegga sakna eg, responderte Aarebrot.
– Når du kjem inn på identitet, så kjem du inn på noko som er særs interessant. Folk har følelser og identitet til Os.
– Eg meiner Os manglar noko visjonært. Kva vil eigentleg Os vera. Det er fullt mogleg å vera ei bynærkommune, også det gjev moglegheiter, analyserte Aarebrot.