Lokal | 27. jan. 2011

Saknar fire hengarar

Skal ha blitt stolen mellom 2008 (!) og 2011.

Saknar fire hengarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. jan. 2011 10:30

Har du sett ein tilfeldig parkert tilhengar dei siste tre åra? Då kan det henda politiet vil ha tips.

- Vi har fått melding om mogleg tjuveri av fire tilhengarar frå ei tomt i Industrivegen, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Eigar skal først ha gjeve inntrykk av at han ikkje hadde full oversikt, men meldte dei så stolen eller sakna.

- Hengarane har vore lagra eller plassert ved ei verksemd utan særleg aktivitet, og skal ha forsvunne ein gong mellom 2008 og 2011.

Bedrifta som saknar hengarane skal vera Os Sjø og Fritid, selskapet som kjøpte konkursbuet etter Os Båtsenter. Etter overtakinga leigde dei seg tomt av Alutec, mellom Alutec og Macbox, og opna butikk i Irisgården.

Etter det Midtsiden.no kjenner til er det ei god stund sidan butikken la ned. Aktiviteten i verkstaden i skuret som blei bygd i Industrivegen har også vore låg.

- Men no er hengarane registrert i systemet, så har vi dei inne om vi kjem over noko, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.