Næringsliv | 04. nov. 2010

Sal og støyping

I helga blei ein av toppleilegheitane i H-blokka selt, no skal kablar flyttast før pæling.

Sal og støyping
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. nov. 2010 12:41

I august blei det vedtatt byggestart for Os Sjøfront, no er arbeidet i gang.

- Pælane blir mellomlagra i Bergen, for dei er det ikkje plass til i Os. Dei kjem til å bli frakta med bil i passelege porsjonar når dei skal brukast, seier dagleg leiar Tor Inge Døsen.

- Arbeidet med pælinga har blitt utsett litt grunna nokre kablar som må flyttast. Det arbeidet startar no. Planlagt innflyttingsdato for dei første kjøparane er ikkje endra, vi satsar på at fleire av dei i 2012 kan feira St Hans i ny leilegheit.

Hovudlinjene til nabokommunane
Kablane det er snakk om er hovudlinjene for telefon og internett til Fusa og Austevoll. Frå 4. til 10. november skal desse skånsomt flyttast med båt frå gamlemoloen til utsida av nyemoloen.

- Det skal borast eit hol frå stupebrettet gjennom svaberget forbi Oseana og vidare i grøft inn til påkopling igjen ved gamlemoloen.

Bankar jula inn
Når kablane er flytta og nabokommunane har trygge linjer igjen skal arbeidet med pælinga starta.

- Då kjem pælemaskina på ein flåte på nesten 1000 kvadratmeter. For å gjera plass til denne inne ved land har Veidekke fylt litt ut og gjort det brattare inne ved land.

- Når pælinga er godt i gang, oppunder jul, kjem Veidekke til å byrja å legga ut kaibjelkar og kaiplater som bustadblokkene skal stå på.

Støper og borer
Parallelt med grøftegraving og kabelflytting går arbeidet for fullt med støyping av seks gigantiske betongklossar.

- Desse skal vera del av det eg kallar jordskjelvfundament. Desse skal monterast mellom fjellet og undersida av garasjedekket. Så skal det borast gjennom og 20 meter ned i fjellet før holet får stålbjelkar og betong i seg.

- Blokkene skal stå støtt også om Mobergsneset ein gong i framtida blir råka av jordskjelv.

Delte toppen i fire - og selte
i utgangspunktet var det berre to husvære i 5. etasje i H-blokka, blokka nærmast Oseana. Desse var på 145 og 159 kvadratmeter og kosta 8,9 og 7,9 millionar kroner.

Trass i bra interesse blei desse ikkje selt det første halve året etter salstart i vår, derfor blei etasjen i haust delt inn i fire husvære.

- 5. etasje er no identisk med 4. etasje. Vi informerte interessentane og laurdag slo ein av dei til på den nærmast Haugsneset, fortel Tone Osland.

19 er selt
Os Sjøfront sel først i H-, og I-blokkene. H-blokka har 20 husvære, I-blokka 23. 19 av desse 43 er no selt.

- Eg synes ikkje det er så verst at vi no nærmar oss 50 prosent av dei to første blokkene, seier Osland.

I H-blokka er berre 1 av dei 8 husværa i dei to nedste etasjane selt, i I blokka er 10 av 10 i 1. og 2. etasje selt.

Desse er i skrivande stund selt:
(blokk og etasje)

H1: 0 av 4
H2: 1 av 4
H3: 2 av 4
H4: 1 av 4
H5: 1 av 4
Sum: 5 av 20

I1: 5 av 5
I2: 5 av 5
I3: 1 av 5
I4: 2 av 5
I5: 1 av 3
Sum: 14 av 23

Prisane på dei 24 ledige husværa varierer frå 2.050.000 til 6.190.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.