Lokal | 29. apr. 2011

Saman for Høgre-siger!

LESARINNLEGG, Marie Bruarøy: Klar for fleire år i styrhuset, gjerne i kapteinstolen.

Saman for Høgre-siger!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. apr. 2011 13:26

I går, torsdag, var eg på Rådhuset i Bergen i eit inspirerande møte med mine erfarne partikollegaer, byrådsleiar Monica Mæland og varaordførar
Trude Drevland.

Saman med oss var og dei unge kvinnelege ordførarkandidatane frå Øygarden og Austevoll, Anne-Grethe Solbakk og Julie Solbakken.

Tema var sjølvsagt valkamp og vegen framover mot valet 12. september. I desse tre kommunane har ordførarane sete i fleire periodar og vi har alle tre eit felles mål; eit ordførar-byte med Høgre i førarsetet, det er alltid sunt med forandring!

Eit godt råd frå bergensdamene er å bruka den styrken ein har ved å vera ung, med verdiar som nytenking, modernisering og "for-ynging".

Etter knapt halvtanna år som varaordførar og snart ein periode bak meg i formannskap og kommunestyre, kjenner eg at lysta på meir er der.

Internt i Os Høgre er vi i full sving med valkamp og programarbeid, og vi går ei spanande tid i møte.

Vårt mål er fortsatt å sitja i styrehuset etter valet - og aller helst i kapteinstolen.

Marie Elisabeth Lunde Bruarøy
Ordførarkandidat, Os Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.