Saman om nytt fag

Oseana og kulturskulen saman om å opprette visuelle fag frå hausten av.

Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg og kulturskulerektor Christian Breistein gler seg til å utvida tilbodet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. mars 2017 08:18

Tidlegare denne veka skreiv vi om Os kulturskule som inviterer til sju vekers kurs i visuelle fag som førebuing til kulturskulane i Hordaland si fellesutstilling i Griegsamlingen i mai.

No er det klart at kulturskulen får eit nytt tilbod frå hausten av. Visuelle fag, som bildekunst og skulptur, kjem fast på timeplanen.

• Les òg: Oseana og kulturskulen deler 1,5 mill (frå 2011)

– Vi har jo heilt sidan Oseana opna ønska å få til visuelle fag i kulturskulen. No fekk vi midler til det i budsjettet for 2017. Så frå hausten av blir det ein realitet, men søkje kan du gjera allereie no, fortel Christian Breistein, rektor ved Os kulturskule.

Unikt samarbeid

Som ein del av det nye faget, og den nye lærarstillinga, flyttar Oseana sin aktivitet med Friskunst, prosjektet dei starta for tre år sidan, inn i kulturskulen.

– Vi jobbar tett på mange områder, men no blir det eit enno tettare samarbeid mellom kulturhuset og kulturskulen. Eg trur det eigentleg er eit ganske unikt samarbeid, eg kjenner ikkje andre kulturhus og -skuler som jobbar så tett saman, seier Ole Tobias Lindeberg, direktør ved Oseana.

– Vi flytter den pedagogiske delen av Friskunst frå Oseana til kulturskulen som ein del av denne satsinga. Friskunst-prosjektet skal bestå, og elevane i Os skulane skal framleis få det same tilbodet som dei tre siste åra, forsikrar Lindeberg.

Arts & Learning

Dei to er samde om at ei kulturbygd som Os fortener eit levande kulturhus tilrettelagt for læring.

– Vi skal vera eit hus for arts & learning, som det heiter på utenlandsk. Dette er eit godt steg i den retninga.

Skal forma stillinga

Den nyoppretta stillinga er førebels ikkje lyst ut, men er like rundt hjørnet.

– Vi prøver å definere rammeverket for den no, i og med at det er ei stilling som skal dekkje både kulturskulen og Friskunst. Samstundes så vil innholdet bli definert saman med den som blir tilsett, men vi har bildekunst og skulptur som eit utgangspunkt, avslutter dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.