Samba AS sin nye båt, Fox Challenger, kom frå Rotterdam til Amundsneset i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Samba AS sin nye båt, Fox Challenger, kom frå Rotterdam til Amundsneset i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Samba AS har kjøpt nok ein båt

Samba AS, som i vår har utvida med 12 tilsette, kom i natt heim med båt nummer fire; Fox Challanger.

Kjetil Vasby Bruarøy
18. juli 2016 - 15:19

I 2014 kjøpte dei sin tredje båt, nybygget Fox Fighter, i 2015 kjøpte dei Amundsneset, som ny base, der dei blant anna skal bygga ny kai.

No har arbeidsbåtreieriet Samba AS utvida med sin fjerde båt, Fox Challanger.

– Vi signerte papira i Rotterdam fredag og gjekk mot Noreg same dag, fortel dagleg leiar Eirik Haugland.

I 3-tida i natt la dei til land på Amundsneset. I dag skal styresmaktene om bord. Blir papira stempla skal båten på oppdrag på CCB allereie i morgon.

Til fleirbruk 

– Alle dei tre båtane, MS Samba, MS Molly og MS Fox Fighter er i full drift. Denne supplerer flåten på både tilsvarande oppdrag som vi har i dag, men òg til oppdrag vi ikkje har kunna tatt tidlegare.

Den er 29,8 meter lang, 9,5 meter brei, bygd for slep og ankerhandtering, men har òg vore brukt til å knusa is i Det kaspiske hav.

– Den har bollard pull på 45 tonn, to vinsjar på 40 tonn (som vi truleg kjem til å erstatta med endå kraftigare) og ein kran på 200 tm.

Fox Challenger har 2 x 1600 hestekrefter og gjekk med ein marsjfart på 11 knop heim frå Rotterdam i helga.

... med fleire om bord

Ei av årsakene til at Samba var på jakt etter ein båt med betre plass om bord er at dei, i samarbeid med eit anna firma, opererer med ROV for å forankra oppdrettsanlegg med boltat i fast fjell botnen.

– Fleire av dei som i dag er oppankra vil ha fast feste, men ikkje alle ligg grunt nok til at dykkarar kan ta jobben. Når vi reiser ut med ROV-crew blir vi mange om bord, her har vi plass både inne og på dekk.

– I svært god stand

Båten er bygd i Nederland i 2007 og har hatt éin eigar før den blei selt til reieriet frå Os.

– Vi har vore og sett på båtar i England òg, men dei kan ikkje samanliknast når det kjem til dette med slitasje. Både utveldig og innvendig ser den svært bra ut.

Båten har 6 lugarar til 8 mann og ei stor bysse og messe.

– Du skulle ikkje trudd at denne har vore brukt som arbeidsbåt i ni år.

Passerer 30 tilsette

I løpet av første halvår i år har Samba AS nærmast dobla arbeidsstokken med 12 nytilsette. Selskapet har to lærlingar, ein dekksarbeidar og ein maskinist.

– Vi er rundt 25 mann no. I tillegg kjem eit par stykker på kontoret og nokre vikarar. Når vi har bemanna denne nyebåten òg så er nok oppe i 30 tilsette, seier Haugland.