Lokal | 28. nov. 2012

Samde om psykolog

Posisjonen og sentrum er einige om å tilsetja skulepsykolog. Frp/H vil i tillegg tilsetja demenskoordinator og oppretta vedlikehaldsteam.

Samde om psykolog
Jon Sivert Rykkel (V) og Terje Søviknes (Frp) la båe fram forslag om å oppretta stilling som skulepsykolog på vegne av budsjettkoallisjonane sine (fotomontasje: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 28. nov. 2012 14:08

Då dei politiske konstellasjonane presenterte sine budsjettframlegg i formannskapet tysdag skulle ein nesten tru at eit par av dei var samsnakka på førehand.

Posisjonen (Frp/H) hadde gjort oppretting av stillinga som skulespykolog til ei av sine hovudsaker. Då Anders Hjelle (TvS) og Jon Sivert Rykkel (V) la fram forslaget frå sentrumspartia (TvS/V/KrF/Sp) så kom dei med det same.

- Éi stilling er nok for lite, men éin plass må vi byrja, argumenterte Rykkel.

Einaste skilnaden på dei to forslaga var kor mykje penger dei ville setja av. Posisjonen la 500.000 kroner på bordet, medan sentrumskameratane la på 300.000 kroner til.

Psykologtilbodet i skulane har overtid vore drøfta både i Tenesteutvalet og i det Kommunale Foreldreutvalet (KFU). FrP/H legg til grunn at administrasjonen er delegert fullmakt til å etablera eller trekkja inn stillingar innan den økonomiske ramma som er tildelt dei einskile tenesteområda. I denne saka trur imildertid koalisjonen at heile tenesteområdet vil væra tent med å få avslutta diskusjonen, og vil oppmoda adm. om å etablera stillinga i 2013. Stillingen vil t.d. kunne knyttast til det etablerte meistringsteamet, men bør være tilgjengeleg for elevar i heile grunnskulen/barnehage, skriv Frp/H i sitt budsjettframlegg.

Demenskoordinator

Ei anna stilling som stadig har vore oppe i tenesteutvalet og i dei politiske diskusjonane er stillinga som demenskoordinator.

Frp/H får der støtte frå Arbeiderpartiet om at ei slik stilling bør opprettast. Igjen er ikkje partia einige om kor mykje som skal setjast av.

Om det blir 500.000 kroner som Frp/H foreslår eller 900.000 kroner som Ap legg fram gjenstår å sjå når tautrekkinga tek til i kommunestyret 18. desember.

Ei nyvinning

Både demenskoordinator og skulepsykolog har vore diskutert politisk tidligare. Då er vedlikehaldsteamet som posisjonen foreslår meir å sjå på som ei nyvinning.

- Vi ønskjer å testa ein modell med eit ambulerande vedlikehaldsteam med handtverkarar, som etter ein vedlikehaldsplan og saman med lokal vaktmeister og byggansvarleg tek seg av vedlikehald og rehabiliteringsoppgåver som ikkje er store nok til å bli eigne prosjekt, forklara Terje Søviknes.

Han ønska seg ein vedlikehaldsplan til politisk handsaming innan utgangen av 1. kvartal 2013 for å kunna prioritera oppgåvene opp mot kvarandre. Totalt vil dei setja av 1,5 millionar kroner til teamet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.