Lokal | 08. des. 2012

Samfunnsbygging og E39

Lesarinnlegg, Norvald Skåtøy: Bru over Bjørnefjorden vil ikkje bidra til den ønska utviklinga i dei indre områda av Hordaland.

Samfunnsbygging og E39
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 08. des. 2012 08:56

Som tidlegare kommunestyrepolitikar for Arbeiderpartiet i Os har eg vore engasjert i store og små saker for utvikling av Osbygda. Dette gjeld særleg for arbeidet i plan og bygningsutvalet. Erfaring frå dette arbeidet er at det er viktig å sjå dei store føringane og ha eit auga til overordna planar og mål når ei avgjerd skal takast.

Traséval for E39 er ei så stor og viktig sak at ein må ha dette heilt klart for seg: Denne avgjerda vil vera med å legga sterke føringar for utviklinga av områda vegen går gjennom.

Os kommune er utpeikt som eit regionsenter for Bjørnefjordregionen. Os har hatt denne rolla gjennom alle tider, då kommunikasjonane for det meste har gått til Os og vidare til Bergen.

Ein kyststamveg er samfunnsbygging, og eit traséval er strategisk samfunnsplanlegging for framtida, ja for lang framtid.

Vegen skal vera med å legga til rette for utvikling av kommunar, byar og regionar langs kysten.

Når det gjeld Kyststamvegen E39 mellom Stord og Os så har alle politiske vedtak om kor vegen skal gå enda opp i Os og Endalausmarka. Dette ligg fast. Vegen frå Endalausmarka til Bergen startar opp til neste år. Det er det ingen tvil om.

Midthordland og Bjørnefjordregionen

Midthordland og Bjørnefjordregionen dekker kommunane Os, Fusa, Samnanger og Tysnes. Regionsdefinisjonen kan utvidast til også å omfatta Ølve og Varaldsøy i Kvinnherad kommune og Strandebarm i Kvam kommune. Dette er område som historisk har hatt nær tilknyting til Os.

Inntil nyleg har dei politiske partia vore tydelege på at det indre alternativet over Fusa til Os er den føretrekte vegtraseen for E39. Eg er overtydd om at det er fordi dei evnar å sjå Kyststamvegen som eit strategisk middel for å utvikla bergensregionen mot Midthordland og ytre Hardanger. Samstundes legg ein til rette for tilknyting til andre viktige framtidige kommunikasjonsliner for regionen.

Ein slik vekst og utvikling vil også koma ytre Sunnhordland med Stord, Fitjar og Bømlo til gode og gje grunnlag for auka verdiskaping, og dermed styrka og utvida den tileigna omtalen av vestlandskysten som ”Gullkysten”

Bru over Bjørnefjorden vil ikkje bidra til den ønska utviklinga i dei indre områda.

Ein kan med rette seia at områda mellom Bjørnefjorden og Hardangerfjorden då vil ligga i ein ”skugganes dal” når det gjeld samfunnsutvikling.

Det kan heller ikkje vera forsvarleg med investeringar på fleire titals milliardar kroner, berre med det for auga å kutta reisetida med nokre minuttar mellom Stord og Bergen. Dette er ikkje samfunnsplanlegging, og langt frå strategisk samfunnsplanlegging for vidare utvikling av denne delen av Vestlandet.

Eg set mi lit til at fornufta rådar i Samferdsledepartementet, og at den indre traseen for E39 over Fusa til Endalausmarka i Os vert konklusjonen når Nasjonal Transportplan vert lagt fram i mars 2013.

Eg har valt å engasjera meg i ”Folkeaksjonen mot bru over Bjørnefjorden” av di eg brenn for utvikling av Os og bygdene i Midthordland.

Eg ser for meg eit nært samarbeid mellom Os og dei andre kommunane i regionen på fleire område. E39 gjennom Fusa til Endalausmarka i Os er også nødvendig for vidare utvikling av det interkommunale samarbeidet som så smått er kome i gang på nokre område.

Norvald Skåtøy
Styremedlem i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnefjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.