Næringsliv | 11. nov. 2010

Samla huseigarane

- Oppløftande og konstruktivt, seier sentrumssjef Renate Iversen etter å ha samla 13 av byggherrane i sentrum til møte.

Samla huseigarane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. nov. 2010 11:57

Os Sentrumsforening, som er i ferd med å skifta namn til Os Sentrum, tok initiativ til å samla huseigarane til møte. Tysdag stilte 13 av dei opp i det Iversen trur er starten på noko veldig positivt.

- Det er første gong vi har klart å samla så mange, og stemninga var veldig god. Eg trur huseigarane både kan læra av kvarandre og bli inspirert til å tenka framover på ein annan måte, seier leiar Renate Iversen.

- Dei eig sentrum
Sentrumsforeininga har jobba i mange år med både idear, dialog med kommunen og konkrete tiltak for å gjera Osøyro meir levande og attraktiv. Huseigarane har sjeldan vore involvert.

- Likevel er det dei som i størst grad bør bry seg om korleis utviklinga er, det er huseigarane som eig sentrum. Butikkar og leigetakarar kjem og går, husa står, men kva er dei verdt utan liv, handel og aktivitet? spør Renate.

Ein av dei som tenkjer i same bane er Terje Haugan frå Bergen Eiendomsrådgivning, selskapet som styrer BB-fondet som eig Oshjørnet.

Haugan fortalte om deira planar med bygningen, som snart skal få nye husvære, men han delte også sine generelle tankar om utviklinga av sentrum.

Ulike utfordringar
Felles for leigetakarar og huseigarar er interessa for å skapa verdiar og tena pengar. Alt frå utval av butikkar og tilgang på parkeringsplassar til atmosfære og arkitektur er viktige faktorar.

- Nokre har nyleg gjort ein innsats, med suksess, som Eirik Neverdal med Sparebanken Vest-bygget. Omfattande oppgradering av eigedomen sette ikkje berre sitt preg på sentrum, det gav han fleire leigetakarar.

Samstundes kan kommunikasjon mellom foreininga og huseigarane få positive følgjer.

- Når eg aktivt oppsøkjer potensielle leigetakarar, for eksempel kjedar, er det ein stor fordel om eg kjenner byggherrane, kva dei har å by på og kva framtidsplanar dei har.

Med på laget
Til no har sentrumsforeininga nesten utelukkande bestått av medlemmar i form av leigetakarar. Butikkeigarar og tenestetilbydarar har samla seg om både marknadsføring og arrangement som marknadsdagane, vårsleppet og pynting av julegater.

- Leigetakarar og huseigarar har ein form for samarbeid, men sit samstundes på kvar si side av bordet. Derfor lager vi ei eigen avdeling av Os Sentrum, for huseigarane, som dei kan melda seg inn i.

- Med kvar våre representantar i kvar sine styrer held vi dialogen. Det som er viktig er at dialogen held fram, og på sikt fører til handling, derfor er det planlagt nytt møte mellom huseigarane allereie 23. november, seier Renate Iversen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.