Samla inn 36 000
VIDEO: Espira Kuventræ Barnehage, femte året med song, lotteri, fiskedam og ansiktsmaling for å hjelpa andre born.
Borna i Espira Kuventræ barnehage har gjort det til ein tradisjon å kvar vår arrangera ein solidaritetsfestival for å samla inn penger til born i andre land som treng hjelp.
- VI har tidlegare støtta Forut, men i år har vi vald å bli ein Solsikkebarnehage og støtta SOS-barnebyer, fortel Karianne Moberg.
Ved hjelp av sal av mat, gjettekonkurranse kor ein kunne vinna helikoptertur, tur i seglefly eller fire billettar til Kongeparken, fiskedam og svampekasting samla dei ivirige ungane inn 36 266,50 kroner frå foreldre, besteforeldre og andre på besøk.
Venskap og solidaritet
Dei innsamla midla gjekk i år til finansiering og drift av SOS-barnebyar sin nye barnehage i byen Siteki, Swasiland i det sørlege Afrika.
- Den er open for barn i barnebyen og for born i lokalmiljøet.
- Gjennom prosjektet i år har ungane lært om korleis born i andre land lever med heilt andre levevilkår enn her i Noreg.
- Målet har vore å skape vitebegjær, toleranse og forståing for å fremja empati, noko som fører til venskap og solidaritet, forklarar Moberg.
Sjå førskuleungane opna festivalen med song og nokre glimt frå aktivitetane (2,10 - foto: Andris Hamre)